KGJN tilstades på det første nordiske neurosciencemøtet

NordicNeuroscience2015

Nordic Neuroscience vart arrangert for fyrste gong 10 -12 juni i år. Konferansen fann stad på NTNU på Gløshaugen i Trondheim og programmet var fylt opp med interessante foredrag, blant anna frå våre Nobelprisvinnarar.

Det var ein god gjeng frå KGJN som tok turen, spesielt var Bramham og Haavik sine forskingsgrupper godt representerte. Me fekk ei omvising på universitetsområdet før me vart registrerte for konferansen. Dei tre dagane bydde på ei lang rekkje spennande foredrag.

Blant høgdepunkta var, forutan ekteparet Moser sin presentasjon «The Brain’s Map of Space», David Andersons utgreiing om «Neural Circuit Modules for Social Behaviors» og Silvia Arber sitt foredrag om «Disentangling Descending Circuits for Motor Control». I tillegg til hovudforelesingane var det mange interessante symposia, mellom anna «Molecular Mechanisms of Drug Abuse», «Neurotransmitter Transporters in Pathophysiology» og «Cortex: Organization and Dynamics in Normal Brains and in Disease». Dei tilreisande frå UiB bidrog med fleire plakatar, og presenterte desse på torsdagen, innimellom symposia. Det oppstod mange spennande diskusjonar og meiningsutvekslingar.

Kvelden onsdag og torsdag hadde arrangementskomiteen ordna med middag med noko godt i glaset til deltakarane på konferansen. Òg her vart det duka for gode diskusjonar og meir uformelle samtaler om alt frå det haustlege vêret til kompliserte nevrovitskaplege tema.

Me vil retta ein stor takk til arrangørane som gjorde eit særs godt arbeid med å stella til Nordic Neuroscience 2015 i Trondheim.

Tekst: Tore Ivar Aarsland