Dei landsomfattande norske helseregistera gjev ny kunnskap om ADHD

Foto: Folkehelseinstituttet

Foto: Folkehelseinstituttet

ADHD (attention-deficit/hyperactivity disorder) er ei nevrobiologisk utviklingsforstyrring karakterisert av hyperaktivitet, auka impulsivitet og redusert merksemd. Lidinga utviklar seg i eit samspel av genetiske og miljømessige faktorar, men dei eksakte årsaksmekanismane er enno ikkje klarlagde.

I Medisinsk fødselsregister er alle norske fødslar frå 1967 registrerte. Her finn ein informasjon om mora si helse før og under svangerskapet, og mogelege komplikasjonar i samband med fødselen. I ein studie frå 2012 [1] vart data frå Medisinsk fødselsregister nytta til å studere ei gruppe med 2323 vaksne pasientar diagnostisert med ADHD. Desse vart samanlikna med data frå knapt 1,2 millionar kontrollar frå den norske befolkninga. Studien viste at vaksne med ADHD hadde større risiko for låg fødselsvekt og medfødte misdanningar i høve til kontrollgruppa. Det vart også vist ein auka risiko for ADHD hjå barnet om mor har epilepsi. Dette tyder på at faktorar knytta til mor si helse kan føre til auka risiko for ADHD hjå etterkommarane.

Reseptregisteret har informasjon om alle reseptar ekspedert frå norske apotek sidan 2004. I ein pågåande studie frå K.G. Jebsen senter for forskning på nevropsykiatriske lidelser er informasjon frå Medisinsk fødselsregister kopla saman med data frå reseptregisteret frå perioden 2004-2012. Opplysningar om dei som er fødd i 1967-2008 og har fått resept på legemiddel mot ADHD vert samanlikna med dei fødd i same periode utan å ha fått resept på slike typar medisin. Av dei knapt 2,4 millionar personar som er fødd i Norge i denne perioden har omlag 48000 personar fått resept grunna ADHD. I denne nye studien skal vi undersøke om der er skilnad i risikoprofilen mellom born og vaksne med ADHD. Dessutan skal vi undersøke om det er fleire sjukdommar hjå mor enn epilepsi som gir høgare risiko for ADHD hjå avkomet. Ei slik registerbasert studie er viktig for å få ny informasjon om risikofaktorar for ADHD.

Artikkelen er skriven av Johanne Telnes Instanes

  1. Halmoy, A., et al., Pre- and perinatal risk factors in adults with attention-deficit/hyperactivity disorder. Biol Psychiatry, 2012. 71(5): p. 474-81