ADHD har vore assosiert med særskilde trekk i personlegdommen. Utifrå modellen C.R. Cloninger har utvikla for å karakterisere personlegdom, har ADHD blitt knytta til høg score på temperamentstrekka nyheitsøking (novelty seeking) og skadeunngåing (harm avoidance).
I vår studie vart 63 personar tidligare diagnostiserte med ADHD og 68 kontrollpersonar utan ADHD intervjua for å undersøke om dei hadde psykiske lidingar som t.d. angst og depresjon. Samstundes fylte dei ut «the Temperament and Character Inventory», som vert brukt til å undersøke personlegdom etter Cloninger sin modell. Vi fann at pasientgruppa hadde signifikant høgare score på temperamentstrekka nyheitsøking og skadeunngåing i forhold til kontrollgruppa. Då vi justerte for angst og depressiv liding scorte pasientgruppa like lavt som i kontrollgruppa på temperamentstrekket skadeunngåing. Den høge graden av skadeunngåing hos personar med ADHD ser dermed ikkje ut til å vere knytta til ADHD i seg sjølv, men til angst og depresjon. Temperamentstrekket nyheitsøking var, etter justering, nærmast knytta til antisosial personlegdomsforstyrring.
Resultata syner kor viktig det er å ta omsyn til andre pågåande psykiske lidingar når ein undersøker personlegdommen hos vaksne personar med ADHD.
Johanne Telnes Instanes og Anne Halmøy.
Les artikkelen her: